Den 19. august kjem 135 utvikslingsstudentar til Noreg. Dei skal gå på ein norsk vidaregåande skule og bu hjå ein vanleg norsk familie. Over halvparten av dei manglar framleis vertsfamilie, og lurer veldig på kvar dei skal bu når dei set føtene sine på norsk jord. AFS Norge Internasjonal Utveksling er no på leiting etter familiar frå Ulstein, Hareid og omland som vil dele kvardagen sin med ein utvekslingselev neste skuleår.

- Å vere vertsfamilie er ei spennande oppleving, fortel familien Falch Alsos. Dei tok imot Made frå Indonesia førre skuleår.

- Om du har hus- og hjarterom, har du eit unikt høve tl å lære om andre kulturar og ikkje minst lære mykje om deg sjølv om eigen kultur. I tillegg får du eit nytt familiemedlem du knyter sterke band til.

- Å vere vertsfamilie er ei spennande oppleving, du blir betre kjend både med verda og deg sjølv. Utvekslingselevane skal bli ein del av familien, og delta i familielivet på same måte som dei andre familiemedlemane, fortel Marit Grønskei, Generalsekretær i AFS Norge.

Nesten 2000 norske vidaregåandeskuleelevar drar ut på utveksling kvart år. Utanlandske ungdomar bør få den same moglegheita til å kome på utveksling til Noreg. Utveksling må byggje på gjensidigheit, då er det viktig at også norske familiar stiller opp, påpeiker Grønskei.

Kjem for å lære språk og kultur

Utvekslingselevane kjem til Noreg for å bli kjent med norsk språk, familieliv og kultur. Det betyr at det mest spennande for utvekslingselevar er heilt vanlege familiar som gjer heilt vanlege ting! Dei skal lære seg norsk, og kommunikasjon i heimen skal gå føre seg på norsk.

- Vertsfamiliar kjem i alle storleikar og samansetjingar; single, pensjonerte, med barn, utan barn, ei mor og ein far eller to av same kjøn, fortel Grønskei og held fram: - Det viktigaste er at du er open for å ta imot ein student inn i familien din, og ikkje minst inn i hjartet ditt. Å vere vertsfamilie knyt band som varer livet ut. Som vertsfamilie må du stille med kost og losji, og hjarterom. Elles kan du vere så vanleg som berre nordmenn kan vere. Dei aller fleste vertsfamiliar bur langt meir landleg til, men så lenge ein kjem seg til skulen går det fint.

Utvekslingselevane som kjem er frå land over heile verda, og har ulike interessar og personlegdomar. Som vertsfamlie får ein kome med si "ønskeliste" både med omsyn til kjøn, land og interesser, før ein saman med AFS Norge vel elev.

Alessandro frå Italia, Elisa frå Tyskland og Dwi frå Indonesia er nokre av utvekslingselevane som gjerne vil oppleve Noreg til hausten.