Skonnerten er ein nybygd kopi av eit skip bygd i 1910, og skal nyttast i skulesamanhengar og til maritim rekruttering.

Tungløftsavdelinga frå Ulstein Verft er på plass på Nordmøre ein 14 dagars tid i samband med fleire løfteoppdrag.

Til desse oppdraga nyttar dei lekteren, multiwheeler og ei kran med løftekapasitet 600 tonn. Det var difor naturleg å stille opp for å sjøsetje den 170 tonn tunge skonnerten frå Saltkaia i Kristiansund.

IDEAL er ein tremastra skonnert som er ein kopi av eit skip bygd i 1910 ved Skaalurens Skibsbyggeri i Rosendal i Hardanger.

IDEAL skal nyttast som eit pedagogisk tilbod for mellom anna å vidareføre og ta vare på lokal maritim kultur.

Skipet skal reise på opplevings- og leirskuleturar for storskulen og ungdomsskulen, men skal også mellom anna nyttast i maritim rekruttering.