Men fullbyrdinga på tre av månadene er utsett med ei prøvetid på to år, fordi retten har lagt vekt å at mannen har vist vilje til å starte eit betre liv.

Mannen har hatt vanskar tidlegare, men var komen på rett kjøl då han i fjor haust mist jobben sin på grunn av vanskar i oljenæringa.

I nokre hektiske månader framover barst det utfor igjen. Ei haustnatt i fjor fann politiet han inne i lokala til SSR i Saunesmarka. Der oppdaga dei 4 gr amfetamin og ca. 3 gr hasj i lommene hans, og bestemte seg for å oppsøke staden han budde. Der vart narkofangsten på 31 gr amfetamin, 43 gr hasj og 27 gr fleinsopp.

Ruskøyring med campingvogn

Med i domsgrunnlaget er også steling av ein safe – som eigaren seinare fekk igjen uskadd - og to tilfelle av køyring i rusa tilstand.

Den eine gongen hadde han ei gammal, sliten campingvogn på slep, med ein kamerat sitjande inn i campingvogna, då bilen vart stogga av politiet på Eiksundbrua.

Sunnmøre tingrett har i tillegg til fengselsstraffa på sju månader dømt han til å vere utan førarrett i tre år framover. Han har også fått ei bot på 15.000 kroner, og må betale 2000 kroner i sakskostnader til det offentlege.