Då Magnus var 12 år gamal fekk han diagnosen ADHD. Då var han alt stigmatisert som ei urokråke i bygda Kjøllefjord i Finnmark. Det vart ikkje betre då han fekk ein diagnose klistra til seg. – Berre mamma visste kva ADHD var, fortel han til Vikebladet Vestposten.

Det tok han mange år å akseptere seg sjølv. For to år sidan gav han ut ei bok om ADHD. Han tenkte reise rundt med bokbad 4–5 stader, men etterspørselen etter dette var stor. No har han skrive fire bøker og halde bortimot 180 framsyningar.

Bokbadet vart gjort om til eit humorshow.

– Publikummet mitt er gjerne litt rastlause av seg, kommenterer Magnus som gjerne vil at born kjem på framsyninga hans. Han skulle gjerne sett at det kom nokon til bygda hans då han var liten, som gav han håp om at det går heilt fint å vere annleis.

Ikkje berre ADHD

Denne framsyninga er ikkje berre om ADHD. Det handlar også om mobbing, eteforstyrringar, psykiske lidingar og å vere misnøgd med eigen kropp. Her er mykje å kjenne seg igjen i.

Magnus fortel om livet sitt med diagnose og erfaringane hans med det. Samstundes har han med seg psykiatrisk sjukepleiar Hilde Krakebøl som stiller han spørsmål. Krakebøl er sjølv mor til to med diagnosen ADHD, og ho er revyartist. Såleis får ein både med den faglege biten, og dei meir personlege erfaringane.

– Latter er den beste medisin. Dette blir fortalt med kjensler bak. Eg har respekt for dei som kjem for å høyre på. Om eg drit ut nokon er det meg sjølv, seier Magnus.

Showet er for barn frå skulealdrar og opp til godt vaksne. Det er for foreldra og lærarar og alle som jobbar med barn.

– Kven har ikkje opplevd mobbing eller dårleg sjølvbilete? Dette handlar om å leve med det å vere unormal. eg gjer dette i håp om å inspirere nokon til å utfordre seg sjølv, vere ærlege med seg sjølv, berre slik kan dei få det bra, seier han.

Publikum kan stille spørsmål til både Magnus og Hilde undervegs. Framsyninga blir på Sunnmøre folkehøgskule.