Sidan starten på juni 2011 er det omsett 365 fritidseigedomar i Hareid, Ulstein, Herøy og Sande. 51 av desse ligg i Hareid. Her er det området rundt Snipsøyrvatnet og Almestranda som er mest populære stadar for fritidsbustadar.

I Ulstein er det endå nokre fritidseigedomar til, 78 totalt, som har skifta eigar dei siste fem åra. Her er det områda rundt Fjelle, Rinden og på Ulstein som har flest oppføringar.

Men både Ulstein og Hareid ligg godt bak både Herøy og Sande. Herøy har flest tinglysingar innan fritidseigedomar siste fem åra med heile 132, medan Sande følgjer med 104.

I desse kommunane er det Sandsøya, Haugsbygda og Budaneset som stikk seg ut.

I løpet av dei fem siste åra er det også omsett to fritidseigedomar i dei fire kommunane som kosta over fire millionar kroner. Ein på Moltustranda og ein i Ulsteinvik. Seks eigedomar kosta meir enn tre millionar kroner, men dei aller fleste kosta opp til to millionar kroner. Av 365 tinglysingar, var det 29 som skifta eigar for meir enn to millionar kroner.