- Vi vil ha trivsel i heile kommunen, og no er det tida for å satse på sentrum. Hareid Venstre ynskjer at sentrum igjen skal bli ein levande møteplass. Vi må vidareutvikle parken og leikeplassen slik at både små og store kan trivast der, skriv Annika Brandal i Hareid Venstre.

Sjetteklassingane ved Hareid skule peika på at dette er noko dei saknar, ungdommane ved Hareid ungdomsskule peika på det i samband med gruppearbeid under «Ungdomskonferansa» og helsepersonell er klar på at parkar og trivsel er viktig.

- No må vi politikarane gjere vår jobb, meiner Annika Brandal.

Ho vil ha svar på kva plan ordføraren har for å igjen gjere Hareid sentrum til ein triveleg møteplass for vaksne og barn.

Nye visjonsgrupper

For nokre kommunestyreperioder sidan sette ordførar Gunn Berit Gjerde ned visjonsgrupper med kommunestyremedlemmane som medlemmar i ulike grupper. Denne ideen vil Hareid Venstre at vi plukkar med oss igjen.

- Kan ordføraren tenkje seg å etablere visjonsgruppe for trivsel i sentrum der politikarane og frivillige kan planlegge og sette i gang konkret samarbeid mellom kommunen, næringsliv, lag og organisasjonar og frivillige privatpersonar? spør Brandal.