Arendal kommune og Elverum kommune har gjort vedtak som viser at dei tar sterk avstand frå illegale rusmiddel, vald og bruk av våpen. Dei forbyr sal av våpenkopiar og effektar og utstyr som marknadsfører legalisering og normalisering av narkotika på kommunen sin eigedom.

Eit slikt vedtak føreslår Arbeidarparti-representant Marianne Breivik at Ulstein kommunestyre også gjer.

- I salsboder under festivalar spesielt, ser ein ofte capsar, t-skjorter, skjerf og anna utstyr som er skjult reklame for industrien. Som MOT- kommune ønskjer eg at Ulstein Kommune skal markere sin motstand mot dette, og ta eit tydeleg standpunkt imot, for å hindre våre barn og unge å bli eksponert for slik skjult reklame, argumenterer Brevik.

Torsdag denne veka har Ulstein kommunestyre møte. Der fremjer ho følgjande forslag:

Ulstein Kommune har null-toleranse for ulovlege rusmidler og vald.

All bruk, oppbevaring og omsetning av ulovlege rusmidler,- salg og markedsføring av effekter med legaliseringssymbol, - utstyr til bruk av ulovlege rusmidler, -våpenkopiar og anna som oppfordrar til vald, vil medføre bortvising frå kommunal eigedom og umiddelbar rapportering til politiet og politianmeldelse.

Ulstein Kommune vil aktivt samarbeide med politiet.