Olav Egge Brandal frå Brandal har fått 30.000 kroner i GNIST-stipend.

Det er tiande gongen Sparebanken Møre deler ut GNIST-stipend til personar mellom 15 og 35 år med talent. Kategoriane varierer frå kultur til idrett og open klasse.

Olav Egge Brandal blir rekna for ein talentfull pianist, og fekk stipendet i klassen kultur - piano.

Egge Brandal er student ved Griegakademiet, instituttet for musikk, ved Universitetet i Bergen.

100.000 kroner til Toralv Opsal

Toralv Opsal (18) frå Skodje, fekk heile 100.000 kroner i GNIST-stipend i kategori idrett, friidrett, mangekamp. Opsal har den siste tida representert Dimna IL.

Stipenda vart delt ut i Molde torsdag, og alle stipendvinnarane var med. Toppstipenda er på 100.000 kroner, medan andre får 50.000 kroner og 30.000 kroner.

Toralv Opsal (her saman med Karsten Warholm) fekk heile 100.000 kroner i GNIST-stipend. Arkivfoto: Arve Hatløy/Dimna IL