Bakgrunnen for at kontrollutvalet i Hareid diskuterte dette er at fylkeskommunen for ei tid tilbake sende ut ein e-post til ordførar og rådmann om refusjonssøknad. E-posten vart sendt ein torsdag med frist for å søkje om refusjon på mandag. Korkje ordførar eller rådmann sjekka e-posten slik at fristen gjekk ut. Konsekvensen var at Hareid kommune tapte eit beløp i storleiken 300 000-400 000 kroner.

Ordføraren var oppteken med andre verv dei aktuelle dagane (torsdag og fredag). Kontrollutvalet veit ikkje kvifor rådmannen ikkje sjekka e-posten sin dei aktuelle dagane.

Kontrollutvalet stiller spørsmål ved kor mange verv ein ordførar som er tilsett på fulltid kan ha. Dette er ei prinsippsak, og det er kommunestyret som må legge føringane her, står det i referatet frå kontrollutvalet.

Dei hadde møte 30. mai der ordførar Anders Riise møtte og gav ei oversikt over alle verva han har i kommunal, interkommunal og fylkeskommunal samanheng. Desse verva er kjende for kommunestyret. Ordføraren informerte kontrollutvalet at stillinga som ordførar har ei godtgjersle mellom 85-90 %.

Kontrollutvalet tok orienteringa og den utdelte oversikta over verv frå ordføraren til vitande.

Desse verva har ordføraren:

Ordførar og leiar då følgjande utval:

Kommunestyret

Formannskap/Valstyre

Administrasjonsutvalet

Kommunal byggenemnd

Som ordførar deltek ein også i ymse adhoc-utval.

Vald styrerepresentant av Hareid kommunestyre i følgjande interkommunale selskap og aksjeselskap:

Styreleiar i Hapark AS (går ut juni 2016)

Styreleiar i KS Møre og Romsdal

Styremedlem i Hafast AS

Styremedlem i Kystvegen

Styremedlem i Hareid Trafikkterminal As

Styremedlem i Landbrukskontoret KF

Som ordførar møter Riise i generalforsamling og representantskap der ikkje annan representant er særskild vald i kommunestyret eller delegert til administrasjon.

Anders Riise sit elles i Fylkestinget til Møre og Romsdal Fylkeskommune og er leiar i Kontrollutvalet på fylket.

Han har nyleg gått av som styreleiar i Sunnmøre Regionråd.