Dagbladet spurde norske stortingspolitikarar om kven dei ville stemt på av dei amerikanske presidentkandidatane. I to timar låg det ute ei sak på Dagbladet.no der det stod at berre to av dei spurde støttar Trump, og at ein av dei var hareidsdølingen og stortingspolitikar for Framstegspartiet, Oskar Grimstad.

Les også: Trump-parykkar i Ulsteinfjella?

Etter at Grimstad sjølv merka seg feilen til Dagbladet, retta riksavisa feilen. Dagbladet hadde gjort ein teknisk feil etter at svara frå alle dei spurde politikarane var sendt inn.

- Dagbladet tok feil og retta saka, og det er flott, då Trump slett ikkje får mi støtte og mest representerer det problem det republikanske partiet har når det gjeld å finne gode kandidatar som finn oppslutning i folket, seier Grimstad til Vikebladet Vestposten og legg til:

- Det er tydeleg at han (Trump) er ein dyktig forretningsmann, men han er ingen politikar, og diplomatiske evner ser ut for å vere heilt fråverande.

Som ein tydeleg ser på stortingspolitikar Oskar Grimstad si Facebook-side, har ikkje hareidsdøling spesielt mykje til overs for den amerikanske presidentkandidaten Donald Trump. Foto: Skjermdump.