Administrerande direktør Håvard Ulstein i Island Offshore seier til Sunnmørsposten at hadde helikopterfrakt av mannskap til og frå plattformar i Nordsjøen blitt bytta ut med båtar, ville ein kunne sysselsetje dei rundt 50 offshorefartøya som i dag er utan oppdrag.

Reiarlaget hans har fem fartøy i opplag av totalt 29.

Kostnadene med båttransport er mikroskopiske samanlikna med helikopterfrakt. For reiarlaga ville det betydd at 50 fartøy i Nordsjøen kunne ta opp igjen verksemda, argumenterer Ulstein til Sunnmørsposten.

Men fagforeiningane prostesterer på ei slik omlegging. Det vil gå utover fritida til dei tilsette. Reisa med båt vil ta ein dag kvar veg.