I Noreg er det over 1050 campingplassar. Mange har sterke meiningar om camping som ferieform. Ei fersk landsdekkande undersøking YouGov har utført for Gule Sider viser at 18 prosent har tentk seg på campingferie i Noreg år. Tre prosent med campingvogn, 5 prosent med bubil og 10 prosent med telt.

– Nokre omtalar camping som "harry", medan andre elskar det og drar på camoingferie kvart år. Mange har også funne sin fast campingplass. Undersøkinga viser at camping er ein populær ferieform, seier Erik Neergaard i Gule Sider.

No ønskjer dei å finne og heidre heile Noregs feriefavoritt.

Andre gongen dei gjennomfører ei slik kåring

Det er andre året at Gule Sider kårer Noregs campingfavoritt. I fjor vart 541 campingplassar nominert og meir enn 24 000 røyster avgitt.

Det var Dønfoss Camping i Skjåk som stakk av med tittelen Noregs Campingfavoritt etter å ha fått 8000 røyster frå folket.

– Me har fått mange positive tilbakemeldingar etter sigeren i fjor og var motivert til å halde fram arbeidet. No gler me oss til ein ny campingsesong, seier Frode Aaboen på Dønfoss Camping.

Slik røyster du på din campingfavoritt

Gå inn på www.mincampingfavoritt.no eller Gule Sider på Facebook (www.facebook.com/gulesider) og røyst på campingfavoritten din.

Du kan røyste frå og med 20. juni og heilt fram til 12. august. Campingplassen med fleste røyster vinn og blir kåra til heile Noregs campingfavoritt 2016.