Turvegane som Ulstein kommune er i ferd med å bygge, har fått tildelt spelemidlar i tråd med søknadene, opplyser kultursjef Leif Ringstad i Ulstein.

Fullfinansierte

For turvegen over Bugardsmyrane har kommunen fått tilsagn på 590.000 kroner, medan turvegen frå Bugardsmyrane til Lisjevatnet har fått 1 million kroner.

- Det betyr at begge desse prosjekta er fullfinansierte, fortel Ringstad.

I tillegg har kommunen fått spelemidlar til to andre prosjekt under årets tildelingsrunde: Ballbinge ved Ulsteinvik barneskule fekk 71.000 kroner og kunstgrasbane ved Hasundgot stadion fekk 824.000 kroner.

Avslag på Arena Ulstein

Men turvegen på Gamleeidet og Arena Ulstein, var mellom søknadene som ikkje fekk tildelingar i denne omgang