Ulstein kommune er invitert av fylkeskommunen til å kome med ein uttale om dagen kollektivtilbod, og kva dei eventuelt ønskjer å få endra.

På oppmoding frå ordføraren har det blitt halde eit møte med representantar frå Mafoss, Ulstein vidaregåande skule, ungdområdet og administrasjonen i teknisk etat. På møtet vart det diskutert rundt emne som rutetider, korrespondanse, materiel og frekvens i dagens kollektivtilbod.

I felleskap kom dei fram til ei ønskeliste på ni punkt. Denne ønskelista dannar utganspunktet for rådmannen sitt framlegg til vedtak for Ulstein formannskap, som har møte førstkomande tysdag.

Her er lista:

1. Betre korrespondanse mellom hurtigbåten og flybuss til/frå Vigra.

2. Det totale rutetilbodet mellom Ytre Søre og Moa er mangelfullt.

3. Den nye ordninga med Framflexx verkar interessant og formannskapet ønskjer ordninga innført også i Ulstein.

4. La pendlarrutene gå sjølv om skulen tek ferie.

5. Frekvensen på Bakkebyruta bør aukast, både om kveldane og i helgane.

6. Det er svært dårleg bussdekning til og frå krinsane på ettermiddag og kveld.

7. Nokre ruter kan gjerne bytte ut dei store bussane med mindre materiell.

8. Det er eit stort gap i hurtigbåtruta mellom 13.50 og 15.30 som opplevast som trasig.

9. Stabiliteten på skuleskyssen til og frå Ulstein vidaregåande skule bør betrast.