Kommunen blei meldt inn i Robek-lista tilbake i september 2011. Økonomien til kommunen har vore i betring i fleire år, og mykje tydar no på at Hareid kommune snart kan bli meldt ut av Robek. Om alt går slik rådmann Bent Arild Grytten har trua på at det vil, kan Hareid sin plass på Robek vere historie rundt sommarstider neste år.

– Det er ingen tvil om at det har vore hardt arbeid, rett fokus, sterk kostnadskontroll, samstundes som vi har forsøkt å halde eit mest mogleg forsvarleg nivå på tenestene. Det føler eg at vi har lukkast med. Det har vore ei utfordring kvar dag i årevis, og ei belastning for dei tilsette. Eg vil gi heider til dei tilsette i administrasjonen og kommunen elles, som har følgt dei planane vi har laga for å komme oss ut av dette, seier Grytten og smiler.

Rådmannsjobben er det Ragnhild Velsvik Berge som tek over frå og med 1. august. No i slutten av juni og juli er det Berit Aasen som får halde stafettpinnen ei lita stund, etter at Bent Arild Grytten sluttar som rådmann 27. juni, då åremålet går ut. Grytten er glad for at kommunen no er på stødig veg ut av Robek, når han overlèt jobben til Berge, og går over i ei rådgjevarstilling.

– Eg er nøgd med at vi har lukkast såpass godt som vi har gjort, og at vi no ser ut til å lukkast med måla våre, seier han.

– Har levd på ein knivsegg

Grytten har nokre gode råd til korleis kommunen bør tenkje økonomi vidare, slik at vegen ut av Robek, og tida etter, ikkje fører kommunen inn på lista igjen.

– Det blir viktig at kommunen byggjer seg eit disposisjonsfond, ein buffer. Slik økonomien i Hareid har vore no, så har vi levd på ein knivsegg. Det skal utruleg lite til før det skjer noko som øydelegg budsjettbalansen. Det er ein risikabel måte å drifte på, utan driftsbuffer. Det viktige no er å ta vare på det vi har lukkast med å få til, og sørgje for at det blir gjort avsettingar til eit disposisjonsfond. Det kan diskuterast kor stort det bør vere, men nokre millionar bør det vere på, for at kommunen skal kunne møte uventa kostnader, seier Bent Arild Grytten.

I god rute

Rekneskapen for 2015 viser eit mindreforbruk på om lag 2,5 millionar kroner, etter at budsjettert inndekning av tidlegare underskot og meirforbruk er gjort. Frå 2014 kan ein ta med eit mindreforbruk på 1,5 millionar kroner, og med det hadde kommunen allereie ved inngangen til budsjettåret 2016 fondsmidlar tilsvarande 4 millionar kroner, til dekking av det samla meirforbruket frå tidlegare år. Siste rest her var 5,2 millionar kroner.

– Det vil seie at kommunen nesten har oppfylt budsjettmålet sitt allereie ved inngangen til budsjettåret. Så langt i år, tyder det meste på at kommunen er i god driftsbalanse, trass i auka tenestekrav, seier Grytten.

Kommunestyret skal i løpet av juni handsame den første av dei to store årlege økonomirapportane, og driftsprognosen viser at kommunen samla sett ligg om lag på budsjett.

– Kommunen har såleis eit godt utgangspunkt i høve planane om at 2016 skal bli det siste året som kommunen er inne på Robek-lista. Vi er i god rute i alle fall, seier Grytten.