Tidleg onsdag morgon fekk politiet meldingom 4-5 personar som gjekk inne i Eiksundtunnelen, og dette førte til at tunnelen vart stengt.

Men ikkje lenge etter, klokka 06. 14, twitra politiet på Sunnmøre at Eiksundtunnelen var opna igjen.

Kva som var bakgrunnen for at folka gjekk inne i tunnelen står det ingen ting om i meldinga.

Kontroll i Gursken

Seint tysdag kveld gjennomførte politiet trafikkontroll på Fv 61 i Gursken. 85 bilførarar vart stoppa. Ingen køyrde i rus, men to førarar fekk gebyr for manglande dokument, og ein bl vart avskilta.