I sommar er det endå ein grunn til å drikke mjølk. Friidrettsutøvar Karsten Warholm prydar kartongane frå Tine med lettmjølk.

Warholm fortel til Vikebladet Vestposten at Friidrettsforbundet har avtale med Tine. Tine ønskte å lage ein slik mjølkekartong no i OL-tider.

– Dermed prydar eg ekstra lett kartongen no på Vestlandet, fortel han.

– Korleis er det å sjå bilete av seg på mjølkekartongen?

– Det er kjekt å stryke av endå ein ting på bucket-lista i alle fall! Tek det også som eit godt teikn, og ser det som at dei anerkjenner resultata mine, seier han nøgd.