Klokka tolv i dag er Hareid kommunstyre samla til siste kommunestyremøte før sommaren. Dei skal ta føre seg ein lang sakliste.

Ei av sakene som skal opp er vegen vidare med kommureforma. Eit knepent fleirtal i formannskapet gjekk inn for tilrådinga frå ordføraren om å prøve å få til ein intensjonsavtale med Ulstein, om Ulstein kommune ønskjer det. Som kjent har Ulstein kommuenstyre vedteke at dei ønskjer det.

Vil Hareid kommunestyre godkjenne avtaleutkastet om sal av gamledelen av Brandal skule til Brandal friskulelag?

Kven får fornya skjenkeløyve, og kva skal vere aøkoholpolitikken til kommunen dei neste fire åra?

Kor mykje skal den nye rådmannen få i løn?

Og kva seier rekneskapsrapporten om korleis det går med kommuneøkonomien til no i år?

Dette er berre nokre av sakene som skal opp i dag. Sjølvsagt er Vikebladet Vestposten på plass og rapporterer frå møtet.

Hareid kommune melder på nettsida si at det ikkje blir noko live-sending frå dagens møte. Men det blir gjort opptak frå møtet som vil bli lagt ut på Youtube ein gong i morgon.