Rolls-Royce skal levere eit åttepunkt fortøyingssystem til verdas første havbaserte fiskeoppdrettsanlegg. Systemet er utvikla for Osean Farming AS, eit dotterselskap av SalMar-gruppa.

Fortøyingssystemet skal feste riggen til havbotnen ved Frohavet, utanfor kysten av Midt-Norge. Den 68 meter høge riggen vil få ein diameter på 110 meter og eit volum på 250.000 kubikkmeter.

Lenger frå kysten

SalMar er ein av den største og mest effektive fiskeoppdrettarane i verda. Veksten innanfor fiskeoppdrettsnæringa flyttar merdane lenger frå kysten, til område som gir gode biologiske forhold for fiskebestanden. Til dette trengst det ny teknologi.

- Kontakten viser at fleire års erfaring med å utvikle sofistikerte løysingar til offshorenæringa kan overførast til andre deler av den maritime næringa, kommenterer Asbjørn Skaro, direktør for dekksmaskineri i Rolls-Royce.