Einar Vik Arset har søkt om eit års permisjon frå jobben som rådmann i Ulstein kommune.

Ulstein kommune skriv på nettsida si at bakgrunnen er at ektefellen hans skal studere i USA, og familien difor ønskjer å bu der borte det komande året.

Prosessen med å konstituere ein ny rådmann i permisjonstida er sett i gang.