Om pengane skal gå til "silikon i tatti" slik Vassendgutane syng om, er uvisst, men sikkert er det i alle fall at godt og vel 185 millionar kroner skal fordelast utover dei skatteytarane på ytre søre Sunnmøre som har betalt inn for mykje i skatt.

Det er skattebetalarane i Ulstein som samla sett får tilbake mest, til saman 59.963.716 kroner som i snitt utgjer eit sum på 13.826 kroner for dei 4.337 som får pengar tilbake.

Ei knapp båtlengd bak ligg Herøy, der 4533 skattebetalarar får tilbake i alt 59.751.590 kroner, eller 13.181 kroner i snitt.

Dei 2.566 som har pengar til gode i Hareid får i snitt 11.260 kroner kvar. Samla utgjer dette 28.893.503 kroner.

I Vanylven får 1.561 skatteytarar tilbake 11.666 kroner i snitt, noko som utgjer i alt 18.210.

Tilbakebetalinga av skatt i Sande utgjer 12.865 kroner i snitt, eller 18.872.868 totalt, fordelt på 1.467 truleg lukkelege sandssokningar.