For fjerde gong har Dei nynorske festspela og Sunnmørsposten arrangert skrivekonkurranse for ungdom mellom 16 og 20 år. I år har sjengeren vore kronikk, med utgangspunkt i årets festspeltema, Morsmål.

- Alle innsende bidrag har jo vore gode, og alle hadde stort engasjement knytt til tematikken morsmål, seier juryleiar Marit Eikemo til Sunnmørsposten.

Det er plukka ut tre finalistar av dei ni bidraga som kom inn. Ein av dei er Ingeborg Lillestøl (18 år) frå Gjerdsvika. Ho er elev ved Ulstein vgs.

- Kva var det som gjorde at du melde deg på konkurransen?

- Eg melde meg på fordi eg alltid har likt å skrive og følte difor at dette var ei kjekk utfordrng og ei god moglegheit, svarer Lillestøl til Vikebladet Vestposten.

Fredag ettermiddag blir vinnaren kåra, på eit ungdomsarrrangement på samfunnshuset i Volda. Vinnaren får 5000 kroner, heider og ære. Dei andre finalistane er Mathias Sørbø (18 år) frå Volda og Hanne Krogsæter (16 år) frå Longva.