I samband med dagens jonsokfeiringar og bål som skal tennast, kjem Arne Runar Vik ved brannvesenet i Ulstein med fylgjande melding: - Trass i at det har vore tørt lenge, gjer nedbør og lite vind at det i dag er gode vêrforhold for jonsokbål.

Han vil likevel understreke at det er viktig å fylgje generelle sikkerheitsreglar, vere forsiktig og ha brannslokkingsmiddel nært tilgjengeleg. Vidare seier Vik at ein må hugse på å ikkje ha avfall eller behandla treverk i båla, berre reint trevirke.