Fleire fylgjer spent med når britane i dag går til valurnene for å stemme om Storbritannia si framtid i EU. Det handlar om å bli eller forlate unionen. Ein snakkar om «Brexit» eller «Bremain». Bob Wymer er ein av mange som fylgjer valet tett.

– Personleg meiner eg at vi burde bli verande som medlem i EU, seier Wymer.

Bør fylgje regjeringa

Wymer, som i juni i fjor flytta til Dimna i Ulstein saman med kona si Birgitte Vik Wymer og to barn, meiner valet i dag er stort og viktig ikkje berre for Storbritannia, men også for Europa i si heilheit.

– Eg føler debatten har vore for fokusert på konsekvensane dette får for Storbritannia, medan det er blitt fokusert for lite på konsekvensane dette kan få for Europa. Ein kan prate om sitt eige land, men ein kan også prate om sitt eige land medan ein samtidig er bevisst på landet si rolle i ei samansett verd, seier Wymer og understrekar eit viktig poeng som han savnar i debatten.

Med tidlegare karriere i det britiske militæret er Wymer van med å stole på avgjerdslene til regjeringa som sitt med makta. Dette meiner han ein bør gjere også i dette tilfellet.

– Vi har stemt fram denne regjeringa og derfor bør vi fylgje avgjerdslene dei har tatt. Dessutan er det ikkje berre dei konservative, med statsminister David Cameron i spissen, men også det britiske arbeidarpartiet (Labour) og liberal demokratane som vil bli verande i EU. Eg meiner at ei folkeavstemming ikkje er ein god mekanisme for endring. Er vi ueinige med regjeringa har vi alltid mogelegheit til å stemme dei ut ved neste val, fastslår Wymer.

Ja, nei eller utsetjing?

På lik linje med fleire andre, er Wymer redd for at om britane velger å forlate unionen, så vil det bli veldig vanskeleg for Storbritannia å kome inn igjen i EU. Difor meiner han at valet burde ha eit svaralternativ om utsetjing.

– EU har sine problem, men kva institusjon har ikkje det? Om forhandlingane som Cameron har hatt med EU ikkje ber frukter, kan vi alltids forlate unionen seinare, seier Wymer.

Han er likevel klar på at ein bør avvente situasjonen og ta dette viktige valet ved ei anna anledning. Problemet er at ingenting er klargjort om korleis situasjonen vil bli om britane i dag velger å gå ut av unionen. Då Wymer har to barn som er busatt i Storbritannia, og konsekvensane er relativt uklare, er dette naturlegvis skremmande.

– Valet handlar ikkje om dei som for rundt 40 år sidan stemte for å bli medlem i EU, det handlar om konsekvensane dette valet vil få for dei yngre generasjonane, seier Wymer.

Utan mogelegheit til å stemme sjølv, trur han likevel britane vil stemme for «Bremain» når dei i dag går til valgurnene.