-Prisen kom totalt uventa på meg. Eg har oppfatta nynorskrørsla som ikkje alltid like glad i folk som meg. Men eg er glad for prisen, sa vinnaren i takketalen.

TV2-profilen, Dag og Tid-journalisten og debattanten Jon Hustad vart fredag tildelt prisen på 50.000 kroner og eit kunstverk under Dei nynorske festspela i Ørsta.

Kunnskapsbasert kranglefant

Juryen meiner Hustad er ein uredd journalist som baserer seg på fakta og grundige undersøkingar når han vågar å utfordre det politisk korrekte og stille spørsmål ved etablerte sanningar. Hustad har markert seg som ei kritisk og viktig røyst i den norske samfunnsdebatten, både i avis, på TV og i sosiale medier.

«Hustad er ein kunnskapsbasert kranglefant som brukar eit godt og levande nynorsk for å fremje sakene og meiningane sine», heiter det i grunngjevinga.

Hovudvekta av artiklane hans er på nynorsk. Men Hustad legg ikkje skjul på at han har gjeve ut tre bøker på bokmål. Han har også nytta bokmål i fleire artiklar i sitt virke som journalist.

-Juryen har drøfta det paradoksale i «bokmålssyndaren» Jon Hustad. Men vi har komme fram til at han er konsekvent, og at han som forfattar berre nyttar bokmål når eit forlag ber han om det. Dessutan gir han sjølv uttrykk for at nynorsk har blitt ein del av identiteten hans, seier juryleiar Håkon Haugsbø.

Identitetsreise

Hustad fortalde under prisutdelinga at han for fire år sidan skreiv sitt første gjesteinnlegg i Bergens på bokmål. Det utløyste eit skred av reaksjonar, og enda med at han i neste innlegg la seg fullstendig flat for kritikken.

I dag understrekar Hustad at nynorsk er ein del av identiteten hans.

-Ein kulturforskar sa til meg at eg berre kunne gløyme einkvar nynorskpris etter artikkelen i Bergens Tidende. Han tok feil, sa Hustad under seansen i Ivar Aasen-tunet.

-Nynorsk er først og fremst eit verktøy. Eg synest eg skriv betre på nynorsk enn på bokmål, la han til.

-Blir det lettare for deg å halde deg på den smale stien no?

-Ja. Det kan vere eg skriv ei bok til på bokmål. Men elles kjem det ikkje meir på bokmål frå meg.

Håkon Haugsbø trekkjer fram Hustad som ein journalist med skarpe analyser, ein skarp penn - og ei skarp tunge. Juryleiaren meiner prisvinnaren kan oppfattast som ein rabulist, men at han ofte tek rolla som folkedjupet sin velutdanna talsmann.

-Jon Hustad har vore på ei identitetsreise dei siste fire åra. Han er ein verdig vinnar av prisen, og ein god ambassadør for nynorsken, seier Haugsbø.