Fem 4H-lag frå Søre Sunnmøre deltek. I tillegg til Kleggen 4H frå Hareid deltek lag frå Kvamsøya (Tareholmen 4H), Ørsta (Storm 4H), Myrvåg (Myrvåg 4H) og Bjørkedalen/Folkestad (Freidig 4H).

Eidsbygda er ei lita bygd mellom Åndalsnes og Åfarnes i Rauma. 268 deltakarar er venta til fylkesleiren.

Dermed blir innbyggartalet i bygda blir tredobla.

Leiren blir opna fredag kveld med leirbål og aktivitetar i fjøra. Blant anna skal det popast popkorn i eit stort badekar, melder Romsdals Budstikke.

Laurdag er den store aktivitetsdagen. Her er det mykje å velje mellom, nokre skal på gardsbesøk til Moa gard og andre skal besøke Åsan husmannsplassen, og oppleve «ein dag i gamledagar». Det nye Tindesenteret på Åndalsnes skal vitjast, med både klatring og buldring. Elles blir det aktivitetar i vatn, foto, fjelltur, mat på bål, miniatyrskyting og mykje meir.

Laurdag og søndag er det ulike tevlingar på gang, deriblant blir årets fylkesmester i volleyball kåra. Her blir det spela om heider og ære, med flotte vandrepokalar til premie i to klasser. Dei skal også kåre fylkets sterkaste klubb i tautrekking.