Fleire våkna i dag til nyheita om at fleirtalet hadde stemt for å melde Storbritannia ut av EU. Bob Wymer, som blei intervjua i torsdagsavisa, er naturligvis overraska.

- Eg er både sjokka og bekymra for framtida, seier han.

Han er også redd for kva dette vil gjere med Europa.

Kryssar fingrane for "Bremain":

- Det er forskjell på tapperheit og dumskap, dette kan skape ein uheldig dominoeffekt. Skottland verkar allereie klar med ei ny folkeavsteming om uavhengigheit, seier han og viser til folkeavstemninga Skottland hadde om uavhengigheit den 18. september 2014, der skottane stemte for å bli verande i Storbritannia.

Europa er i endring og i samband med ei eventuell ny folkeavstemning i Skottland viser Wymer til ei twitter-melding som J.K. Rowling la ut i morgentimane i dag.

- Arven etter Cameron vil vere oppløysninga av to unionar, der verken av oppløysningane var nødvendige utfall.