Utrykningspolitiet heldt fartskontroll på riksveg 61 i Gurskebotn fredag ettermiddag. Heile fem bilførarar fekk førarkorta sine inndregne, grunna for høg fart i 60-sona. Høgste farta forbi politiet sin laser var på heile 94 kilometer i timen. Politiet gav også ein bilførar eit forenkla førelegg.

Ikkje så lenge etter dette stoppa politiet ein bilførar i Dragsund i Indre Herøy, med mistanke om promillekøyring. Føraren var ein mann i 30-åra, og han bles raudt. I tillegg hadde ikkje mannen gyldig førarkort på seg. Vedkomande blir meldt for begge forholda.

Under Fosnavåg Rock blei ein rusa og aggressiv mann i 40-åra i natt meldt for å forstyrre ro og orden. Det skriv Sunnmøre politidistrikt på sin Twitter-konto.