Ja, fram til måndag 27. juni hadde målestasjonen på Vigra målt berre 19 mm nedbør (på fire veker). Normalen for månaden er 65 mm. Målestasjonen på Fiskå hadde målt 27,1 mm – mot normalt 95 mm.

Berre to dagar i juni har det vore nedbør som er noko å snakke om. Det skjedde sist laurdag 25. juni då Vigra målte 6,7 mm nedbør og måndag 27. juni, som i løpet av natta hadde gitt 5,3 mm nedbør.

Også mai var uvanleg tørr, så vi kan trygt slå fast at forsommaren 2016 har vore ekstremt regnfattig. Fiskå målte 42,7 mm nedbør i mai, mot normalt 85 mm.

Årsaka er nordlege vindfelt.

Men no ser det ut til at det blir nokre regndagar frå og med torsdag og til over helga. Det seier i alle fall yr.no sine vêrkart.

Dei nordlege vindane har ført middeltemperaturen for juni hittil under det normale. Vigra hadde per 27. juni ein middeltemperatur på + 10,7 grader (normalen er + 11,0). I dei indre fjordstroka har middeltemperaturen vore litt over normalen.