For første gong blir festivalen Go With the Flø arrangert på seinhausten, søndag 4. september.

Hugo Opdal slår fast i ei pressemelding at Go With the Flø 2016 blir ungt, spenstig og leikande. På programmet står blant anna framstormande kunstnarar, urban action-sport og dansbare rytmer.

- Go With the Flø er ei slags kryssing av kunstfestival og bygdedagar, og inviterer for sjuande år små og store til ei magisk oppleving på Flø.

I Galleri Studio Hugo Opdal blir det utstilling med ei handfull kunstnarar. Etter å ha stilt ut verdsstjerner som Elmgreen & Dragset, Bjarne Melsgaard og Damien Hirsti, gjeng Go With the Flø motsett veg og stiller ut framtidas kunststjerner. Du har kanskje aldri før høyrt om dei, men tipset vårt er at det kjem du til å gjere, uttaler Hugo Opdal.

- Det kan vere vanskeleg å få ein plass på veggen hos anerkjende galleri i dg. Det kjennest derfor godt å gi sjansen til unge kunstnarar. Vi håperdet er ineressant for publikum å sjå uskrivne kunstnarar, som likevel fortener merksemd. Kanskje finn publikum nokon å følgje vidare i karrieren, seier Opdal.

Utstillinga er sett saman av Martin Schreiner, som sjølv har to separatutstillingar bak seg. Schreiner jobbar i hovudsak med teikning, og har i fleire år vore assistent hos Sverre Bjærtnes. Utstillinga vil ha ei klar sentimental side, med verk som har base i handverk.

Parkour-stjerna Amadei Wiland kjem til Go With the Flø med halsbrekkande sprell og workshops for dei yngste. Mannen som går under tilnamnet "Urban Amadei", er blant verdast fremste utøvarar i den unge sporten som går ut på å forsere ulike hinder utan anna hjelp enn spent og muskelstyrke.

- Vi trur 26-åringen, som blant anna har sikra seg ein plass i Guinness, kjem til å ta pusten frå dei fleste, seier Opdal.