Det er Ylva Overå Hide (21) frå Hareid og Ragnhild Vartdal (24) frå Ulsteinvik som skal jobbe i redaksjonen til Vikebladet Vestposten i sommar.

Ylva er akkurat ferdig med tre år studiar ved Høgskulen i Volda og har med seg ein bachelor i Pr., kommunikasjon og media. Til hausten er ho klar for arbeidslivet. Då blir ho tekstforfattar og skal jobbe med sosiale media i eit reklamebyrå i Ålesund.

Ragnhild studerer global politisk økonomi ved Stockholm Universitet. Ho har igjen eitt år av studiet, og reknar med at master-en er i hamn  til neste sommar.

Men no er det journalistikken i Vikebladet Vestposten det skal dreie seg om – både på papir og nett.

– Eg har ein tanke om å bringe det internasjonale inn i det lokale. Sette regionen inn i ein regional kontekst, seier Ragnhild Vartdal.

– Og eg synest det er spennande å få større innsikt i lokalmiljøet, smiler Ylva Overå Hide.

Begge kvinnene håper at altså at folk vil vere ivrige etter å tipse om saker dei kan skrive om.