Herøy kommune har starta på eit areal- og transportplanleggingsprosjekt for Fosnavåg by, skriv avisa Vestlandsnytt.

Målet med prosjektet er at Fosnavåg skal vere ein blågrøn stad med maritimt preg som tek vare på bymiljøet. Ein kvardag utan bil ved korte reiser er ei anna uttalt målsetting.

I søknaden blir det vist til at ein ønskjer å bygge vidare på arbeidt med å legge til rette for eit kompakt sentrum som gjer at folk kan gå, sykle eller ta offentleg transport på reiser mindre enn to kilometer.

Reorganisering av parken og tilrettelegging av sykkelvegar og sykkelparkering skal stå sentralt.

Etter planen skal prosjektet starte opp i august og vere avslutta innan eit år.