Statsministeren og heile hennar følgje på tjue-tjuefem stykk drista seg, alle som èin, opp på taket til Hareid Group. Her har selskapet lagt 1.600 kvadratmeter med solceller, som forsyner det 7.500 kvadratmeter bygget med meir enn 60 prosent av energibehovet.

Reglane i dag seier at nye bygg skal ha 60 prosent eller meir av energien dekka frå fornybar energi. Samstundes kunne konsernsjef Dyrhol opplyse Solberg om at reglane i dag seier at bygg på over 1.000 kvadratmeter må forsynast av vassboren varme.

– Dette er noko du og regjeringa bør sjå på. I dag konkurrerer vi ikkje på like vilkår, seier Ronald Dyrhol.

– Bra solenergi på Sunnmøre

Dyrhol fortalde statsministeren at mykje av kompetansen Hareid Group har på solenergi i dag, er henta gjennom verksemda sine forgreiningar til Danmark.

– Så om ein tør å satse på solenergi på Sunnmøre, så bør ein også gjere det andre stader i landet? sa Solberg litt spøkefullt.

– Sunnmøre er like bra som midt i Tyskland, når det gjeld vêret, seier Dyrhol.

– Så det er berre vi som trur Sunnmøre og sol ikkje nødvendigvis er den beste kombinasjonen? spør Solberg.

– Ein treng ikkje sol for å produsere kraft. Sjølv når det er overskya er det godt med solenergi å hente, svarar Torgeir Vattøy, administrerande direktør i HG Elektro.

– Send Jonas hit

Konsernsjef Dyrhol kunne heller ikkje unngå å snakke om eit tema som ikkje berre Hareid Group er oppteken av, men eit samla næringsliv, formuesskatten.

– Vi er inne i ei krevjande tid, og treng det vi kan av midlar. Då er det veldig urimeleg at vi har formuesskatt. Vi kom ut av fjoråret med raude tal på første gong på mange år, det gjer vi truleg også i år. Dei som eig verksemda her blir då nøydde til å redusere på eigenkapitalen for å kunne betale formuesskatten.

– Vår formue ligg i det du ser her, materiell, bygg og servicebilar. Det er ei rar sak heile formuesskatten, seier Bjørn Bjåstad.

Det var då statsministeren kom med eit stikk til førre regjering.

– Eg er einig i at denne skatten ikkje er bra. Det er kanskje Jonas (Gahr Støre) som burde vore sendt hit, for han meiner at han aldri har møtt nokon som seier at formuesskatten er eit problem, sa Solberg til rungande latter frå dei andre på taket.

– Lokalt eigarskap er verdifullt, og er grunnstammen i norsk næringsliv. Det skal vi i Høgre halde fram med å jobbe for, seier Solberg.

Les meir frå Solberg-besøket i torsdagsutgåva av Vikebladet Vestposten.