Det var ikkje akkurat sluttspelet i fotball-EM som gjorde at gjengen frå Ulsteinvik reiste på sommarferie til Island.

Gudbjørg Thordardottir kjem opphavleg frå Island, men har budd i Ulsteinvik sidan 1994. I år tok ho med seg ein vennegjeng frå Hareidlandet til Island for å vise fram heimlandet. Det er likevel ikkje mogeleg å kome seg unna fotballhysteriet.

Då Island på sensasjonelt vis tok seg vidare til kvartfinale i EM etter seieren mot England mandag kveld, var gjengen frå Ulsteinvik på ein restaurant utan TV.

- Men vi fylgte med på live-oppdatering på mobilen. Det gjorde alle i restauranten og dei islandske jentene som jobba der, jubla høgt og klappa i hendene då seieren var eit faktum.

Thordardottir har merka at det er ei spesiell stemning på Island om dagen.

- Alle islendingar fylgjer med på dette no, til og med dei som ikkje er interesserte i fotball.

Trass i at islandske Thordardottir kanskje ikkje er spesielt interessert i fotball, kom ho likevel med ei analyse då Vikebladet Vestposten spurte om det islandske laget sin suksess.

- Vi islendingar gir oss ikkje så lett. Mange av spelarane har nok spelt på same lag tidlegare og dei kjenner kvarandre. Dette har mykje å seie for samarbeidet i laget, sa Thordardottir.

Snart er gjengen på veg til heimbygda til Thordardottir, Patreksfjörður, nordvest på Island. Der har dei sikra seg TV-tilgong og skal fylgje Island i kvartfinalen mot Frankrike søndag kveld.

Áfram Ísland!