Renathe Rossi-Kaldhol vert konstituert som pleie- og omsorgsleiar i Herøy kommune frå 1. august, vert det meldt på nettsida til Herøy kommune. Rossi-Kaldhol, som er busett i Ulstein, er i dag leiar for bu- og habiliteringsavdelinga i Herøy.

Renathe Rossi-Kaldhol kjem til å vere leiar for begge desse avdelingane, fram til Herøy kommune har fått bestemt seg for korleis den framtidige organisasjonsstrukturen i kommunen vert. Kommunestyret har bedt om at ny organisasjonsstruktur skal vere på plass innan 1. januar 2017.