Stian Runne Brandal vart stasjonssjef ved Shell Ulsteinvik i januar. Dette er no den einaste bemanna bensinstasjonen i Ulstein kommune. Brandal seier at han ikkje kan seie sikkert kvifor det har blitt slik. Han kan berre seie at dei arbeider for å gjere det beste ut av sin situasjon.

Brandal valte den nye jobben som stasjonssjef av fleire grunnar. Han meinar at bensinstasjonar er komne for å bli og er difor ein sikker arbeidsplass.

- Folk må ha drivstoff, legg han til.

Tidlegare har han gjort mykje forskjellig som har gitt han kunnskap og erfaringar. Han kjende seg klar for å nytte desse til noko nytt. På Shell får han fridom til å styre mykje sjølv, og med dette kjem det ansvar. Han fortel at jobben står til forventningane og han stortrivast.

Brandal seier at dei i tillegg kjenner på eit visst lokalt ansvar sidan dei no er den einaste bemanna stasjonen i kommuna. Folk er avhengige av drivstoff og nokre kan av ulike grunnar vere avhengige av assistanse. Dei er opptekne av at stasjonen skal ha god tilgjenge og vere lett å kome fram i dersom ein til dømes sit i rullestol. I tillegg fortel Brandal at dei samarbeidar med Ulstein vidaregåandeskule og har lærlingar frå service og samferdsel inne jamt.