Det innleiande forhandlingsmøtet handla for det meste om å klarggjere det praktiske og korleis forhandlingane vidare skal gjennomførast.

Hareid kommune hadde også laga eit utkast til tekstgrunnlag for intensjonsavtalen, som ordførar i Ulstein kommune, Knut Erik Engh (Frp), har godkjent. Målet er at dei to kommunane skal bli samde om ein felles ordlyd.

Ordførar i Hareid kommune, Anders Riise (H), ytra eit sterkt ynskje om at avtalen blir klar snarast mogeleg, då han er oppteken av å få ut intensjonsavtalen til innbyggjarane i god tid før både innbyggjarhøyringa og folkerøystinga. Det er planlagt at disse skal gjennomførast i løpet av veke 33 og 34.

Ulstein kommune har bestemt at dei ikkje skal ha folkerøysting, berre innbyggjarhøyring. Dette trass i at SV og Sp ynskte folkerøysting også.

Neste forhandlingsmøte tek stad på Ulstein rådhus kl 14.00 i morgon.