Alle dei fem kommunane på ytre Søre Sunnmøre opplever ein nedgang i arbeidsløysa den siste månaden. Nedgangen er størst i Herøy der det er 42 færre arbeidsledige ved utgangen av juni enn månaden før. Men i alle dei fem kommunane er det fleire arbeidsledige no enn for eitt år sidan. Det syner tal frå NAV Møre og Romsdal.

Med sine 4,7 prosent ledige har Hareid har den prosentvis største arbeidsløysa ikkje berre på ytre søre, men på heile Sunnmøre. På fylkesbasis er det berre Kristiansund som har ei prosentvis høgare arbeidsløyse enn Hareid, med 4,8 prosent. Dei som er heilt utan arbeid i Hareid er i alt 130 personar, 83 menn og 47 kvinner. Dette er fem færre enn ved utgangen av mai månad, men 16 fleire enn på samme tid i fjor.

I Ulstein er det i alt 190 heilt arbeidsledige, 118 menn og 72 kvinner, noko som utgjer 4,1 prosent av arbeidsstokken. Dette er 8 færre enn for ein månad sidan, men 71 fleire enn ved utgangen av juni i fjor.

216 utan arbeid i Herøy

216 personar er heilt utan arbeid i Herøy, 137 menn og 79 kvinner. Herøy har dermed ei arbeidsløyse på 4,5 prosent. Herøy har hatt ein nedgang i talet på ledige på 42 personar den siste månaden, men har likevel 107 fleire ledige no enn for eitt år sidan.

Sande har fått 10 færre ledige den siste månaden og har no i alt 46 personar som er heilt utan arbeid, 31 menn og 15 kvinner. Dette utgjer 3,2 prosent av arbeidsstokken. På samme tid i fjor hadde Sande 55 personar som var heilt arbeidsledige.

Vanylven har færrast ledige. 35 personar, 27 menn og 8 kvinner, er heilt utan arbeid i Vanylven, noko som utgjer 2,1 prosent av abeidsstokken. Talet på ledige held seg temmeleg stabilt. Det er 2 fleire ledige i Vanylven ved utgangen av juni i år enn ved samme tid i fjor og 3 færre ledige enn for ein månad sidan.