Seksjonsleiar for fisk og dyr i Mattilsynet, Anne Stine Foldal Aam seier til avisa Møre-Nytt at det er bestemt frå sentralt hald at dei skal ha opne kontorlandskap som ein del av profilen og måten Mattilsynet skal arbeide på framover.

Dette gjeld for alle kontora i heile landet, og det vart derfor lyst ut ein konkurranse etter nye lokale.

- Etter dette vart det bestemt at kontoret vårt i Dragsund blir flytta til Ørsta, fortel Foldal Aam.

Den nye arbeidsplassen for dei 11 tilsette i Mattilsynet blir i Strandgata, i andre etasje over Fargerike, og huseigar Petter Myklebust er glad for å få nye leigetakar til det 375 kvadratmeter store lokalet.

Ordførar Stein Aam i Ørsta kommenterer til Møre-Nytt at det er veldig  positivt for Ørsta å få nye funksjonar og arbeidsplassar til bygda.

Foldal Aam peikar på at det frå Ørsta er kort veg både til Eiksundsambandet og Kvivsvegen.