Trass i litt dårleg oppmøte, vart dei som kom møtte av to engasjerte ølbryggarar som entusiastisk fortalde om mikrobryggeriet og ølbryggingsprosessen.

Andreas Grimstad og Øyvind Grimstad Gryt har brygga øl saman sidan 2008, men det var ikkje før i 2012 at dei starta opp det økologiske mikrobryggeriet i dei gamle lokala til Statoil på Hareid.

Mikrobryggeriet som har kapasitet til å brygge opptil 50.000 liter øl i året, leverer per i dag til ein veksande marknad i Noreg.

- Vi leverer til butikkar over stort sett heile Sunnmøre, frå Vestnes til Volda, i tillegg til nokre få butikkar i Oslo. Det er også over 40 vinmonopol som tek inn vår øl, sa Grimstad Gryt.

Ny øl på marknaden

Gutane er no lanseringsklare med enda ein ny sort øl som er å finne på vinmonopolet i morgon. Denne er av typen sterk stout og har fått namnet "The number of the yeast". Dette er ein av dei i totalt 11 sortane dei har laga. Neste månad kjem enda ei øltype på marknaden, eit bittert øl med navnet "Bitter Sunnmøring".

Ølbryggarane frå Hareid har mykje å glede seg over så langt i 2016. På nyåret skaffa dei seg utstyr som gjer bryggingsprosessen betre og ølet klarare. I januar vann dei også prisen for årets tradisjonsøl i landet sin største matkonkurranse - Det norske måltid. I dag, torsdag, leverte dei i tillegg 800 liter øl til Sommarfesten på Giske. Dette ølet har sjølvsagt namnet Festivaløl.

Opptekne av det lokale

I tillegg til å selge øl til butikkar og vinmonopol, har mikrobryggeriet skjenkeløyve som gir dei høve til å arrangere pubkveldar og lønningspils i ny og ne. Dette brukar dei å annonsere på Facebook-sida si. For ikkje mange dagane sidan fekk dei også løyve til uteservering og no kan dei utvide dette tilbudet enda meir.

- Det lokale markedet er viktig for oss. At folk her er stolte av det vi gjer, promoterer ølet og vil drikke det, la Grimstad Gryt til.