I samband med Opplev Hareid har Anne Marie Vaagen Hareide og Margaret Vikhagen kunstutstilling i galleriet til Hareid kunstlag. Torsdag kveld var det opning av utstillinga og Toril Sæter ønskte velkomen. Odd Goksøyr framførte to tonesette dikt, før Gunn-Berit Gjerde fekk ordet.

Gjerde gjorde ein vri på velkomstorda og hadde heller ein samtale med dei to kunstnarane om livet deira og inspirasjonen bak verka. Etter ei spesiell og fin opning med gode historier vart utstillinga offisielt opna og publikum fekk nyte verka.

Vikhagen og Hareide har to vidt forskjellige uttrykk. Hareide i akrylmaling og Vikhagen i stoffbilete.

Det var mykje folk på opninga og utstillinga verka å falle i smak. Det var nesten umogleg å få tak i kunstnarane fordi der alltid var nokon som ville gi dei ein klem og rosande ord. Og det fortener dei absolutt. Det er ei flott utstilling av to inspirerande damer.

Alle bør ta turen innom i løpet av dei komande dagane.