I ei heil veke inviterer Aasen-tunet store og små til vandreteater med Lurivar, som eit av mange tilbod i sommarprogrammet. Lurivar har høyrt at på Ordpolen kryr det av ord som han kan bruke i ordsamlinga si. Han tek med borna på ei reise frå stjerne til stjerne på leit etter den myteomspunne staden som fløymer over av ord. På vegen gjennom museet finn Lurivar mange artige og rare ting i utstillinga dei kan stoppe opp ved og sjekke ut.

«Lurivar og reisa til Ordpolen» er eit vandreteater med skodespelar Maria Halseth i rolla som Lurivar. Maria har har spela Lurivar ved fleire høve, både under Påskejakt med Lurivar i  Aasen-tunet og på turné i Den kulturelle skulesekken. Etter vandringa blir det lagt opp til enkle aktivitetar i tunet som borna kan gjere. Nokre av aktivitetane blir også Lurivar med på. På dagar med nokolunde tørt vér kan borna vere med Lurivar opp på turmålet Høgetua for å lese bøker i utebiblioteket. Dit er det om lag 15 minuttar å gå. Då kan det vere kjekt å ha med ein matpakke, drikkeflaske og noko å sitje på. På dagar med mykje regn blir det lesestund med Lurivar i Gamlemuseet. I kafeen byr ein på Lurivars lure vaflar.

Lurivar vil vere i tunet måndag til fredag i veke 27 og 30. Heile opplegget med aktivitetar og tur til Høgetua varer om lag i to timar.

Mangfaldig sommarprogram

Aasen-tunet byd på eit mangfald av aktivitetar og program for både store og små. Heile juli og til og med fredag 12. august ligg arrangementa tette som løvetann, og ein tek heile tunet i bruk. Barnebokstund, songstund, foredrag og bokkafé er nokre av dei faste tilboda.

Ope kvar dag

Aasen-tunet har ope kvar dag i sommar, og kafeen serverer enkle smårettar, pannekaker og is. I butikken finn du fleire Lurivar-produkt og eit heilt nytt barneforkle med ei super vaffeloppskrift, inspirert av boka Vaffelhjarte av Maria Parr.