I tidsrommet 1. juli til 15. august er det opna for laksefiske i Hareidselva. Tidlegare var måndagane tileigna berre medlemene i elveeigarlaget, men denne ordninga er det slutt no.

- No har alle som har løyst fiskekort lov til å fiske kvar dag, opplyser leiar Ottar Arne Hareide i Hareid elveeigarlag.

Men fullt så enkelt er det likevel ikkje.

Vassføringa i elva er svært låg, og langs heile elva er det sett opp raude skilt som indikerer fiskeforbod. Når dei blir bytta ut med grøne skilt er det klart for fisking.

- Så no går fiskeineresserte rundt og håper på minst 2-3 dagar med kraftig regn, slik at vassføringa blir betre, kommenterer Hareide.

Mykje fisk som vil opp

Han fortel at det blir rapportert om mykje fisk i sjøen utanfor Hareidselvosen.

- Båtfolket fortel om både mykje, og stor laks i området. Så elva blir større kjem der til å bli mykje fisk å fangste på, lovar Hareide.

Ved elvadammen er det sett opp ein stokk med eit merke på, og når vatnet kjem opp til dette merket, blir elva opna for fiske.

På grunn av låg vassføring vart fiskesesongen kort i Hareidselva i fjor. Men der var bra med fisk, også laks, og den største som vart rapportert inn var på  om lag 7 kg.

Alle som skal fiske i Hareidselva må ha fiskekort, og det er å få kjøpt i sportsbutikken, Hareid sentrum.