Hareid og Ulstein er no inne i sluttspurten på forhandlingane om samanslåing. Ein intensjonsavtale skal vere like om hjørnet. Forhandlingane er i gang på Ulstein rådhus no i formiddag.

Men Vestlandsnytt skriv at også Herøy og Sande har sett seg til forhandlingsbordet i dag, torsdag.

Begge kommunane strekar under at samtalane førebels berre er på sonderingsnivå. Viss kommunane går vidare i saka, trengst det eventuelt eit nytt vedtak i Herøy kommunestyre.