– Vi har i ein periode jobba fram nynorske alternativ til fleire ting på PC, for eksempel Facebook, men no går ting meir og meir over til mobil og då er det appar som gjeld, seier leiar i Noregs Mållag Magne Aasbrenn til Nynorsk pressekontor.

– Så langt er det sørgjeleg lite nynorsk i den verda, og då er det svært gledeleg at eit privat firma som Swiftkey har gått inn for å få til dette, held han fram.

Swiftkey finst på bokmål, svensk, dansk og islandsk, og i samarbeid med Mållaget har dei no fått i stand eit fullfungerande nynorsk tastatur.

Slutt på bokmålshjelp

– Vi har testa appen og hjelpt dei med ein del innspel. Dei kontakta oss, og det fungerte imponerande brå frå starten, seier Erik Grov, som har vore Swiftkey si hjelpande hand i Noregs Mållag.

Leiar Aasbrenn har i lang tid hatt problem med den språkhjelpa telefonar tilbyr.

– Det er irriterande med retteprogrammet på mobilen som heile tida vil hjelpe folk til å bli bokmålsbrukarar. Det er derfor berre å juble når det no kjem ein nynorskversjon av mobiltastatur, seier Aasbrenn.

Sjølv om den nynorske versjonen først blir lansert 21. juli, er det mogleg allereie no å betateste nyvinninga , ifølgje Swiftkey.

– Ønskjer å medverke

Selskapet er eit språkbasert selskap, og ifølgje dei sjølve er dei opptekne av å fremje alle språk, inkludert mindre språk som nynorsk. Også færøysk og nordsamisk er i emning.

– Vi veit at språk er uløyseleg knytt til å ta vare på kultur, og ønskjer å medverke til å halde på det språklege og kulturelle mangfaldet i verda, seier programsjef Olivia Lasky i Microsoft – selskapet som kjøpte Swiftkey i februar i år.

Ifølgje selskapet finst appen deira i alt 250 millionar einingar over heile verda, der brukarane som skriv gjer at appen tilpassar seg.

– Den skaper eit betre autorettesystem og smarte framlegg til neste ord, seier Lasky.

No får altså nynorskbrukarar også tilgang på ein funksjon for autokorrektur. I første omgang blir tastaturet lansert for Android via Google Play.