Søndag oppdaga Mike Henderson ved Sunnmøre Golfklubb at den eine golfbilen ikkje var heilt som den skulle. Den såg ruskete ut, og ville ikkje starte.

Ved nærare inspeksjon viste det seg at golfbilen hadde vorte tjuvstarta. I tillegg hadde nokon rota med batteri og andre viktige delar. Bilen er altså øydelagt.

Det rare er at Henderson trur at fleire av dei utvendige skadene på bilen kjem av velting. Fleire stader på bana viser teikn på råkøyring. Vandalane verkar til å ha køyrt "off-road" med bilen. Ein stad kan vere mogleg veltestad, med tanke på skader på vegetasjon og liknande. Denne staden er eit stykke frå golfklubben, der bilen stod då Henderson fann den.

- Det verkar til å vere vandalar med samvit, sidan dei kanskje har dytta golfbilen heile vegen tilbake, seier Henderson.

Saka er rapportert til politiet.