Vêrmeldingane seier lyn og torden i ettermiddag, då kan det vere lurt å vere førebudd.

– Trekk ut kontakten om det er meldt lyn eller om du drar på ferie, er tipset frå skadeleiar i DNB Forsikring, Ketil Voll.

Det er meldt kraftig tordenvêr på veg inn mot Noreg no, innkludert Sunnmøre. Slikt vêr er ikkje uvanleg på denne tida av året. Seinsommaren er høgsesong for lyn og torden, spesielt etter periodar med høge temperaturar og mykje fukt. Sintef har registrert at gjennomsnittet for dei ti siste åra har vore på rundt 115 000 lynnedslag i året, og mesteparten av aktiviteten skjer i juli og august.

Dei vanlegaste lynskadene skjer som følge av overspenning i nettet. Elektronisk utstyr og kvitevarer som er kopla til straumkontaktar er utsett. Dei vanlegaste skadane skjer på PC, fjernsyn, varmepumper, kjøleskap/fryseboksar og alarmanlegg.

– Dei aller færraste bustadene har lynavleiarar. Påbodet om overspenningsvern i heimen kom for berre nokre få år sidan, så det er framleis særs få bustader som har sikra seg mot lynskadar. Derfor tilrår me å trekkje ut kontakten om det er meldt lyn eller om du drar på ferie. Og om du har gløymd det, og det er meldt slikt vêr, sei frå til dei som eventuelt går innom for å vatne blomar eller mate katten medan du er borte, seier Voll.

Det hender at liv går tapt som følgje av lynnedslag. I gjennomsnitt blir éin person drepen av lyn i Noreg kvart år.

Farleg å spele golf

– Hugs at lynet gjerne slår ned i høgste punkt. Unngå derfor å opphalde deg på stader der hovudet stikk opp og blir det høgste punktet, som til dømes på store, opne sletter når du speler golf eller badar i havet. Det kan også vere risikabelt å søkje ly under einslege utstikkarar, som til dømes store trær, eller vere på sjøen med båt utan lynavleiar. Men om om du er litt føre var, bør ikkje lyn vere fartleg, seier Voll.

Kan føre til brann

Lyn på sommaren fører også til branntilløp. Lyn er ein viktig grunn til at juli og august er månader som toppar brannstatistikken. Innrapporterte tal frå forsikringsselskapa viser at det vart meldt om særs mange skadar som følgje av lyn i fjor. Forsikringsselskapa fekk då meldt inn totalt  7137 skadesakar.