Tilskotet til skal stimulere kommunane til kompetanseutvikling og innovasjon for å møte utfordringar i helse- og omsorgstenestene i framtida. Midlane blir fordelt i samsvar med den nasjonale prioriteringa:

1. Fullføring av tiltak innan velferdsteknologi som har fått tilskot tidlegare og som ikkje er avslutta.

2. Grunn-, vidare og etterutdanning på både vidaregåande- og høgskulenivå. Dette inkluderer opplæringstiltak for å styrke kompetansen innan rus og psykisk helse.

Overgangsordninga for studentar som starta tverrfagleg vidareutdanning i psykososialt arbeid med barn og unge vidareutdanning i psykisk helsearbeid og vidareutdanning i rusproblematikk i 2014 og 2015 gjeld framleis. Ved utmåling av tilskot for 2016 og vårsemester 2017 blir some berekningsreglar som i 2015 nytta (inkl. reisetilskot).

3. Opplæring knytt til brukarstyrt personleg assistanse.

4. lnnovasjonsprosjekt.

Ulstein kommune får eit tilskot på 1,3 millionar kroner, Hareid kommune får 170 000 kroner.

Tilskotet skal nyttast i samsvar med budsjett og søknad. Kommunane må vere budde på å medverke til vidareformidling av resultat frå prosjekta og stimulere til læring og erfaringsutveksling i samarbeid med Fylkesmannen.