Politiet melder at det i natt var ein rusa båtførar som sette seg fast i nokre garn ved Leinøy/Torvikholmane.

– Det verkar som det var han sjølv som ringte om at han trong hjelp, det kom inn eit 112-anrop, fortel operasjonsleiaren i politiet til Vikebladet Vestposten.

Redningsskøyta Idar Ulstein taua båten med mannen inn til Hurtigrute-kaia i Torvika, der politiet venta. Politiet tok utåndingsprøve av båtføraren, og det viste seg at han hadde høg promille. Det blir oppretta sak.