Nett.no skriv at rekneskapen til Ulstein verft viser at det er verftet som står for storparten av underskotet i Ulstein Group i år. Verftet gjekk med 113 millionar i underskot i 2015, og dei spår eit svakt år og nedbemanningar i år.

Ulstein verft har ikkje greidd å skaffe seg nye kontraktar på ei god stund. Mangel på oppdrag fører til jobb til færre. Verftet hadde ved utgangen av 2015 318 tilsette, men av desse var 31 sagt opp og arbeidde berre ut oppseiingstida.

Verftet la ned skrogseksjonsavdelinga i Vanylven i fjor og varslar i årsmeldinga for 2015 at det blir ytterlegare nedbemanning ved verftet i år, skriv Nett.no.

Les også: Norske verft taper marknadsdelar til Asia

- Krevjande farvatn